TY - BOOK ID - 138037306 TI - Tvisyn, innsyn, utsyn : Nærblikk på A.O. Vinje AU - Åslund, Arnfinn AU - Fjågesund, Peter AU - Hanto, Kristian AU - Nordstoga, Sveinung AU - Staxrud, Johan M. PY - 2021 PB - Oslo Spartacus Forlag AS / Scandinavian Academic Press DB - UniCat UR - https://www.unicat.be/uniCat?func=search&query=sysid:138037306 AB - «No seer eg atter slike Fjøll og Dalar, / som deim eg i min fyrste Ungdom saag». Med slike linjer har Vinje skapa seg ein plass i norsk litteraturhistorie og i hjarta til dei mange som har sett pris på ordkunsten hans. Diktet som blir innleia med desse linjene, er mellom dei mange tekstane som blir undersøkte i denne boka.Aasmund Olavsson Vinje levde frå 1818 til 1870. Han blei fødd i Vinje i Telemark, men levde det meste av livet sitt i hovudstaden der han etablerte seg som diktar, journalist og redaktør. Etter kvart blei han ein pionér for det nynorske skriftspråket og synte publikum korleis dette kunne nyttast i diskusjonar og skildringar av alle slag, og med sine lyriske dikt kunne han røre lesarane sine på ein måte som få andre norske forfattarar har evna.Denne boka er basert på ein stor konferanse i 2018 ved Universitetet i Søraust-Noreg – Bø som samla ei lang rekke forskarar med det for auge å kaste nytt lys over Vinje. Dei 24 kapitla utforskar Vinjes liv og forfattarskap slik at lesarane kjem tett på dei spørsmåla han var oppteken av, og dei skrivemåtane han utvikla. Til saman formidlar tek- stane noko av det tvisynet, innsynet og utsynet som ein finn i Vinjes eigne skrifter. ER -